VELKOMMEN INN I MIN KUNSTVERDEN! Eg maler i perioder når eg har overskudd til det. Eg har både malt og skrevet dikt i over tredve år. Men eg har òg vore småbarnsmor samanhengjande i 18 år. Det har krevd mykje å kombinere travle dager som småbarnsmor, allroundjournalist og biletkunstner. Eg har etterkvart forstått at eg ikkje er eit supermenneske. Krava har vore skyhøge i mange år. No har eg endelig lært meg å ta livet meir med ro. Når stress blir til sjukdom i kroppen er det ein alarm ein må lytte til. Det tok veldig lang tid før eg ville lytte til denne alarmen i mitt liv. Det har satt sine spor og det har vore ein lærerik prosess mot større sjølvinnsikt! Så takk Mr. og Mrs. stress som gav meg den gåva! Å male er spennende, utviklande og god terapi. Har du lyst å lære å male og kjenne at du treng ein ny og utviklande og spennande hobby? Eller vil utvikle deg videre? Eg vil gjerne lære frå meg det eg kan. Det er godt å lære nytt og kjenne mestring i noko som ein kanskje ikkje trudde var mulig ein gong. Men ingenting er umulig! Eg viser deg gjerne den vegen ut frå min kunstneriske arena. Eg har sjølv vore der du kanskje er. Følt at eg ikkje kunne noko eller altfor lite. Eg blir heller aldri utlært.

Med vennlig hilsen

Grethe Kjøsnes

Tittel: "Framtid/"BERRE EIN KAFFE". Acryl på lerret. Stort originalmaleri i acryl på lerret. Malt intuitivt i romjula 2016 på Bømlo. Bildet er brukt som illustrasjon i diktboka mi "Utsikt".

GJENNOM SKODDA

Olje på lerret. stilles ut på Jølstramuseet for salg 14. september 2019.

På tur med båt ut til holmer og skjær. Det både inspirerer meg til nye bilder og dikt. Dette er frå ein båttur i 2018 på Bømlo. Ein dag eg kjende at eg kunne føle meg avslappa og glad. Eit lyspunkt i eit vondt og vanskelig år. Det er slike dager med påfyll ein treng. Det å glede seg over dei små øyeblikka i kontakt med naturen og positive mennesker som gir energi og glede til andre. Eg ville dele dette bildet frå ein dag eg følte meg frisk og opplagt. Eg gøymer dei triste bilda av meg sjølv langt inn i eit mørkt skap. Der skal dei vere eller helst slettast! Eg skriv om å kjenna på smertene i livet og eg har delt dette i form av dikt. Men eg ynskjer kun å formidle kjærleik, glede og optimisme gjennom mine bilder og dikt. Eg ser lyset og håpet kor eg enn snur meg. Ingenting er umulig! Eg har hatt mange kamper i mitt liv og det heiter vel "Livets skule". Men det handler kun om å leve. For livet er ein kunst i seg sjølv og det må me berre takle på godt og vondt. Så lenge me puster er det håp. Me har alle våres kamper i livet. Me er alle unike. Heldighvis!

BESTILLE MALERI ETTER FOTO? Dette er eit stort oljemaleri eg malte på bestilling etter foto i 2016. Det heng i ein privat heim i Dale i Sunnfjord. Str. 50 x 100 cm.

Eg og diktboka mi "Utsikt", utgitt på Lyrikkforlaget nov. 2018. I bakgrunnen eit av mine akvarellmaleri som eg og har med som ein av ti illustrasjoner i boka mi.

Akvarell som er solgt. Mulig å bestille det som gicleetrykk i signert og nummerert opplag.

DIKT TIL MALERIET (Utdrag frå diktboka mi "Utsikt")

UTSIKT

UTSIKTEN VAR GOD DER HAN SAT
OG DRØYMDE.
MEN VEGEN MÅTTE LEGGJAST
STEIN FOR STEIN...

(Tekst: Grethe Kjøsnes)