21. aug, 2019

DEN ROTNE GRINDA

Ho var som ei roten grind
som smuldra under føtene,
motteten og tørr,
skeiv og uforutsigbar.

Tenk om ho kunne bli
ei grind som toler frost
og tjukke lag med snø?

Som stod der
stolt og stødig,
ynskte dei vandrande
velkommen på den smale sti.

Viste vegen mot
den opne himmel
mot lyset.

Ei grind som aldri knakk saman,
med skeive fjøler
som kunne reparerast,

og som alltid var
god nok.

Av Grethe Kjøsnes