Dikt og ny utstilling

21. aug, 2019

Ho var som ei roten grind
som smuldra under føtene,
motteten og tørr,
skeiv og uforutsigbar.

Tenk om ho kunne bli
ei grind som toler frost
og tjukke lag med snø?

Som stod der
stolt og stødig,
ynskte dei vandrande
velkommen på den smale sti.

Viste vegen mot
den opne himmel
mot lyset.

Ei grind som aldri knakk saman,
med skeive fjøler
som kunne reparerast,

og som alltid var
god nok.

Av Grethe Kjøsnes
21. aug, 2019

Oljemaleriet "Gjennom skoddeheimen", er eit av mange malerier som blir stilt ut på separatutstillinga mi på Jølstramuseet med offisiell opning laurdag 14. september kl. 12.00. Eg blir til stades på utstillinga både laurdagen og søndagen den helga.