7. apr, 2016

SJOKKET

Det var 29. mars og tre dager sidan A vart født.  Dagen før hadde dei trilla han ned på barneavdelinga. Han hadde endra oppførsel frå å vera ein rolig og fornøgd baby til urolig og etterkvart blå på leppene. Så dei ville ha han til observasjon. Eg  følte meg trygg fortsatt, sjølv om eg fekk ei kjensle av at noko ikkje stemte. Men stolte på legane. Eg sov godt. Sliten etter det akutte og dramatiske keisersnittet tre dager før, der eg trudde sonen min skulle døy eller bli hjerneskada for livet. Heldighvis overlevde han og virka heilt ok.

Men så kom det ein sjukepleier å vekkte meg grytidleg om morgonen. "Eg ville berre fortelja det at sonen din no er i ferd med å døy! Eg ville berre informera deg om dette før eg går av nattevakt." Dei orda vil alltid sitja som spikra i hovudet mitt. Eg hoppa ut av senga utan å kjenne noko smerter i operasjonssåret. Eg som heilt sidan sonen min var født, hadde krøka meg rundt i korridorane.