1. apr, 2016

Tekst

Det var 1. april og slettes ingen aprilspøk. Mitt vesle kjærleiksbarn som var seks dager gammal i 1996 låg under kirurgens kniv. Brystkassa var open og hjarte -og lungemaskina påkobla. Me var i Sveits på eit flott privatsjukehus. Eg hadde aldri trudd at me skulle reisa med luftambulanse først frå Nordland sentralsjukehus og til Fornebu og deretter vidare frå Rikshospitalet 31. mars. For tjue år sidan. PÅ den tid fekk me nærast dødsdommen frå legane. Der sat me foreldre og kunne få lov å velgja om barnet vårt skulle få leva eller dø! Det var tøft! Men det var ikkje noko å lure på ein gong! Me valgte livet! Sonen min lever fortsatt i dag og er velfungerande. Livet er ingen selvfølge. Det fekk eg klart oppleve den gongen. Og det vart mange og lange sjukehusopphald dei påfølgjande åra. Dramtikken starta ved Nordland sentralsjukehus og fortsatte på ulikt vis. Det skal eg fortelje meir om seinare. Men 1. april for tjue år sidan vart ein kamp på liv og død i sveits. Livet vant. Den vesle guten var heldig. Og han var svært sta..