Mange bilder for salg på Galleri Havstad i Drøbak

28. sep, 2018

Malerier på Galleri Havstad

Eg har levert inn mange malerier og trykk hos Galleri Havstad i Drøbak. Dei har og forhåndsbestilt eit par eksemplarer av diktboka mi «Utsikt», som er illustrert med ti av mine malerier. Bokomslaget er laga frå eit av mine akvarellmalerier.

28. sep, 2018

Malerier og gicleetrykk på Galleri Oddvar Olsen & co

Så reiste eg vidare til Drammen og leverte fra meg tre av mine gicleetrykk som dei vil selge på nettbutikken sin. Dei har allerede inne nokre malerier og trykk for salg.

28. sep, 2018

Utstilling i Hvervenbukta

Eg har hatt ein utstilling på Galleri Stylo i Hvervenbukta. Under den årlege Lysvandringen kom det masse folk innom og kikka på bildene mine og fleire ville kjøpe enten då eller seinare.

28. sep, 2018

Debuterer med diktboka «Utsikt»

Eg debutere med diktboka «Utsikt» på Lyrikkforlaget denne hausten. Ønsker du å forhåndsbestille så kontakt meg med namn, adresse og tlfnr på melding.

 

 

https://www.cornice.no/gallerier

Med vennlig hilsen

Grethe Kjøsnes

Kunstkonkurranse 2016

Hei!

Eg deltar med bildet "Grinda" i ein kunstkonkurranse hjå Artify på Facebook. hvis du stemmer på dette bildet blir du med i trekning om 5000 kr og ekstrapremier er fem kalendere med dei motiva som fekk mest stemmer! Klikk på linken til Artify eller gå inn på Facebook gruppa mi: Grethe Kjøsnes galleri og der ligg linken med bilde mitt framme. Klikk på denne og du ser stemmekmappen rett under bildet mitt! Eg takker på førehand for stemma! 

  • "Gjennom flammene". Gicleetrykk i signerte og nummererte opplag.str. 50 x 50 cm.

    Til salgs hos Galleri Oddvar Olsen & i Drammen.

  • "Vandring". Gicleetrykk i signerte og nummererte opplag. Str. 50 x 50 cm.

    Til salgs hos Galleri Oddvar Olsen & co i Drammen.

Det skjer mykje spennande!

24. nov, 2017

JULEMESSE PÅ STORD KULTURHUS

Eg vil delta på julemesse på kulturhuset frå fredag 24. nov. og heile helga til og med söndag.

28. okt, 2017

KARMÖYUTSTILLINGEN

Den årlege Karmöyutstillinga opner 28. oktober. Eg vil bidra med nokre bilder på denne populäre og store utstillinga.

21. okt, 2016

Kunstauksjon på Løvinna for ein kveld 2016

Eg bidrar med gicleetrykket "grinda" til kunstauksjonen på Løvinna for ein kveld på Stord. Det er er Lions Club Stord og Fitjar som arrangerer. Pengane går til humanitære føremål. Det synes eg er positivt og klart eg ville støtte.

29. okt, 2016

Karmøyutstillinga -Lions Club Karmsund 2016

Denne laurdagen opner den årlige Karmøyutstillinga med kjende og mindre kjende kunstnarar frå heile landet. Kjekt å få vere med for første gang i år, med dei tre gicleetrykka " vandring", " gjennom flammene" og " Grinda". Rundt 200 bilder stilles ut for salg.

19. nov, 2016

VELKOMMEN TIL ÅPNINGSFEST/VERNISSAGE BØMLO!

Laurdag 19. November er du hjarteleg velkommen til opningsfesten for Grethes galleri og atelier heime i huset mitt her på Bømlo! Tid: 15.00. Sonen min Adrian Kjøsnes vil spele nokre låter på opningsarrangementet. Det blir cider og lett servering. Kom og sjå maleria mine og er været fint, kan du nyte den fantastiske utsikten utover Storavatnet og Bremnes. Hvis du lurer på kor eg bur, søk opp Grethes Galleri på Google og du får veikart! Hvis ikkje så send melding!

19. okt, 2016

Med vennlig hilsen

Grethe Kjøsnes

UTSTILLINGER I GRETHES GALLERI & ATELIER FRAM MOT JUL 2016:

FASTE OPNINGSTIDER FRAM MOT JUL: Torsdag og fredag frå kl. 12.00-16.00 og laurdagar frå kl. 12.00-15.00.

I Grethes Galleri & Atelier på Bømlo har eg faste utstillinger med mine malerier. Eg stiller òg ut andre sine verk. Pr. i dag er me tre som stiller ut våre malerier og teikningar i galleriet. Eg med mine halvabstrakte malerier, Alf Jonassen med sine naturmalerier med motiv frå Bømlo og Lofoten og Rigmor Berre Kronenes med abstrakte malerier og surrealistiske teikningar/trykk. Eg har òg kopper med spesielle trykk til salgs i galleriet, men òg sjokolade i gåvepakning, kort og trykk.

SiSTE NYTT: 31. OKTOBER opna eg ei utstilling av Rigmor Berre Kronenes. Det kom veldig mykje folk på opn. arrangementet! Må ha vore rundt 40 personer innom på nokre få timer! Det var veldig hyggelig! Utstillinga vart opna med minikonsert av tre utflytta bømlingar og gode vener av kunstnaren. Dette var til og med første spelejobben til deler av bamdet Gas Gas på Bømlo. Dei som spelte frå bandet var: Knut Eivind Habbestad, Richard Ekornsæter og Rune Hansen. Nia Sele las opp nokre av dikta frå diksamlinga som Kronenes gav ut i 2011. Utstillinga hennar vil hengja til 31. januar.

 

VELKOMMEN TIL KUNST ELVA RUNDT I DRAMMEN SØNDAG 16. AUGUST!

Eg stiller ut på stand  nr.20 av åtti utstillarar!

 

Siste nytt! På søndag 16. august deltar eg på Norges lengste utstilling i Drammen. Arrangert av Kreaktiv rundt Drammenselva. Då vil eg ha med meg iallefall tredve malerier! Eg har utstillingsplass nr. 20 av i alt åtti kunstnarar! Eg gler meg til å delta på dette arrangementet for første gang! Eg lurer på om eg er den einaste "galne" vestlendingen som reiser heile vegen østover for å delta på Kunst elva rundt. Hotellrom er bestilt frå laurdag til søndag. Eg får låne eit par partytelt frå jobben min. Trur me skulle få ganske stort område til disposisjon! Eg håper været ikkje blir for gale! Sikkert betre enn her på vestlandet.. Eg har bestilt giclee-trykk av eit akvarellmaleri som har blitt så populært i sommar. Det blir eit opplag på 40 nummererte og signerte eksemplarer, med eit prøvetrykk på ti nummererte i første omgang. Desse trykka har ev avtalt å hente i Drammen på laurdag 15. august. Turen starter grytidleg om morgonen og eg takker kjæresten min, Magne Langeland for god hjelp og støtte ved utstillingane mine. Tidlegare i vår fann han eit galleri for meg i Drammen, Galleri Oddvar Olsen & co. Eg tok kontakt med dei og då ville dei ha tre av mine malerier for salg der i sommar. Så ta turen innom dei og sjå! Elles så hadde eg ein utstilling i Skjerjehamn i Gulen i Sogn og Fjordane frå mai til byrjinga av august. Eg henta maleri sist laurdag og både dei og ein del andre og nye malerier skal vere med på Kunst elva rundt på komande søndag.  Eg kjem muligens til å demonstrere maleteknikk, syngje nokre folkeviser og lesa nokre av mine sjølvskrevne dikt. Nokre av maleria mine har inspirert meg til å dikta...:)

Eg vil òg selgja kopper og kort med nokre av mine maritime motiv på!

Hjarteleg velkommen til utstillinga mi ved Drammenselva 16. august!  Den starter på morgonen og varer utover heile dagen!!

Eg har skolert meg i Mixit art hjå Ellen Hegg

30. mar, 2016
30. mar, 2016

Eg har flytta galleriet heimatt

Rett etter jul i år flytta eg ut av gallerilokala på Bremnes, Bømlo. Eg er i gong med å lage til privat galleri her heime. Eg har allereie pussa opp ein del i gangen oppe. Men resten må eg fullføre til hausten. Det viktigaste for meg i tida framover er å førebu meg til den store sommarutstillinga som et vart invitert til å ha i Moster Amfi til sommaren. Saman med keramikar Åse Ottesen frå Sveio. Dette blir spennande!

25. jun, 2016

Opning av Sommarutstilling i Moster Amfi på Bømlo

25. Juni blir det offisiell opning av sommerutstillunha i Moster Amfi. Eg stiller ut malerier og Åse Ottesen stiller ut keramikk. Eg ser veldig fram til dette! Det blir spennande! Moster Amfi har flotte utstillingslokaler og mange aktiviteter utover året. Mosterhamn har mykje historie og det er nok flott å koma dit for turister sjøvegen og! Bømlo har vakker natur og ein flott skjærgård. Ei turistperle. Sommerutstillinga vil henge fram til 7. August.

9. apr, 2016

TEIKNE -OG MALKURS

Eg vil ha malekurs heime i huset mitt på Bømlo. Eg har og kome i gong med å male vegger og trapper så det blir kjempelekkert til slutt. Eg synes det er viktig at maleria mine kler veggene. Det blir eit privat galleri her heime. Eg flytta ut av gallerilokala på Bremnes i slutten av januar. Eg synes det er like greit å oppgradere boligen min og etterkvart lagev til eit flott galleri her heime i kjellarlokala. Men det krev litt meir oppussing og i mellomtida har eg eit mindre galleri i gangen og stova her i heimen min. Om ikkje lenge vil eg få fleire malerier på veggene.

7. mai, 2016

Malekurs

4. jun, 2016

Malekurs

30. mar, 2016

Kystsogedagane i Langevåg, Bømlo

Eg vart invitert til å delta med stand på kystsogedagane på Langevåg. Det gler eg meg til. Og då vil eg ta med meg maritime motiv knytta til kystkultur.

"Pardans". Mixed media på lerret. Til salgs hos Galleri Oddvar Olsen & co i Drammen sommaren 2015.

Olje på lerret. Öklandsvågen. Innkjöpt av Bremnes Seashore.

Her er bilder frå utstillingane mine så langt i år!

Laurdg 26. april opna den nye utstillinga mi ved Lavik Fjordhotell i Ytre Sogn. Hotelleigarane spanderte kake og kaffe i forbindelse med opninga. Rundt ti personer møtte.

Det var ein veldig hyggeleg utstillingsopning der både familie, vener og bekjente møtte. Det var veldig kjekt å treffe igjen folk eg ikkje hadde sett på veldig lenge. nokre av dei hadde eg ikkje sett på 30 år sikkert!

Eg solgte nokre malerier på opningsdagen. Utstillinga vil henge utover sommaren. Så det er mange muligheter til å stikke innom og sjå utstillinnga. Dessutan har hotellet ein flott terasse med utsikt mot sognefjorden. Det er eit lite familiedrevet hotell av eit ektepar frå Nederland.  Hotellet ligg rett ovanfor ferjekaia i Lavik, langs E39. 30 malerier hadde eg med meg frå Bømlo til opningsdagen.

CV med informasjon om meg og tidlegare utstillinger ligg ved resepsjonen. Hvis du er interessert i å kjøpe, så ligg det òg ei prisliste med info om størrelse på bilder, teknikk, tittel osv.

Velkommen innom! :)

"offer". Acryl på lerret. Utstil hos Galleri Oddvar Olsen og co sommaren 2015.