Grethes dikt og småfortellinger

19. jul, 2012
12. jun, 2012

TID

Tid

Er ein sprangryttar

Alltid galopperande

Mot noko nytt!

 

Tid

er ein kostbar tjuv

som stel di merksemd

for detaljane

kjenslene

refleksjonane

 

SPRING!

ser du ikkje på klokka?

Du må rekkja sprangryttaren

han er alltid først

Heng i

få opp farten då!

spring

du må nå han att

for han kan ikkje vente!

 

Visaren tikkar

faretrugande

ti minutt att

fem minutt

HJELP

eitt minutt

 

Du spring mot døra

svetten siler

skorne prøver du å få på deg

men dei vil ikkje hengja fast

Alt ramler ut av veska

fordømte kløne

husnøkler og bilnøkler og jobbnøkler

Men kor er nøkkelen til

hjartet?

 

Eg legg meg på golvet og roter etter alt som mangler

alt som falt ut av veska

sprangryttaren kan eg ikkje lenger sjå

eg høyrer berre hovane

og illsint vrinsking

Slaget er tapt

eg ligg på golvet

stirrar tomt

mot taket

skuggen av eit hjarte kom til syne på veggen

den største nøkkelen

som ikkje fekk plass i veska saman med

alle dei andre

 

nøkkelen til kjenslene

tankane

kjærleiken

refleksjonane

og sjølve livet

kor er du hen?

hjartet bankar

først veldig fort

eg lukker auga.....

 

11. des, 2011

Tittel: "Repet". Teikning/illustrasjon til diktet med same tittel.

11. des, 2011

Du stramar til
Ved fjære sjø
Båten berre heng
i vasskorpa

Du tek ikkje inn vatn
Treng ikkje ause
Ikkje enno...

Det flør
Repet slaknar gradvis
Om halsen
Løkkja slaknar...

Det er nesten plass til heile neven
Innmed
Du pustar fritt
Vil syngja!

Men først må du ausa båten...


I will translate this poem to english later..

Grethe Kjøsnes