SIGLAR i MØRKRET

I djupaste mørke
Fer båten forbi
Sniglar seg fram
Tar seg god tid.

Sikten er dårlig
Fjorden er still.

Lanternene lyser
Ingen går seg vill.

Ingen fryser.

Det bles
Ikkje mykje.

Men fjorden
Er djup.

Av skjer
Er det mange.

Langs fjella
Er det stup.

Dagene er
Lange.

Mørkret er
Mektig.
Bølgjer kan
Slå hardt.

Men ingen
Er prektig.

Lanternene slokner.

Mørkret slepp
Taket.

Og så
Er det dagen.
Ja livet
Er mektig.

(Dikt og bilde av Grethe Kjøsnes)Utdrag frå «Havna».
På veg mot lyset/havna. Olje/mixed media på lerret.

«Havna».Diktbok nr.2 er i produksjon. Mine eigne dikt som eg illustrerer med eit utvalg av mine malerier slik at dette til saman gjev ei djupare meining Utgis på Lyrikkforlaget.

Forhåndsbestill mi nye diktbok «Havna»

Dikt og kunstbok «Havna» av Grethe Kjøsnes.

Pris kr 249,-

 

NY DIKTBOK "Havna"

i år sendte eg inn nytt manus til diktbok med tittelen "Havna". Vil du bli blant dei første som får denne boka fra Lyrikkforlaget så kontakter du meg direkte for forhåndsbestilling. 
 boka inneheld både eigne dikt og malerier og bokomslaget er det store maleriet "den trygge havn" som du ser her på sida. 😊pris på boka blir som forrige bok,kr. 249,-. ho kjem ikkje ut før langt utpå haust og målet er før jul! send meg på Mail: namn, adresse og tlfnr og antall bøker du ønske å forhåndsbestille så føre eg deg på lista. 

kontakt meg her: grethekjosnes@gmail.com

Mitt tlfnr: 41927652

På Facebooksida mi: Dikt frå hjartet


Kor får eg inspirasjonen frå?

Dikta kjem til meg i kvardagen. Det er som å male med ord. Eg har dikta sidan eg gjekk på ungdomsskulen og når eg var i tjue-åra samla eg også på andre sine dikt. Eg dikter stort sett når eg ikkje maler. Men det hender og at det kjem eit dikt til meg etter at eg er ferdig å male på eit bilde. Å skape er å bli kjent med farger; former; universet og det guddommelige som me alle mennesker har i vår eksistens. Me er skapende individ og me finn våre eigne uttrykksformer.
Naturen, lyset og møter med ulike menmesker og miljøer er mi inspirasjonskjelde. Denne skapeprosesen får meg også til å møte meg sjøl opp i dette livet. Mine eigne følelser og refleksjoner på livets bølgedaler. Eg bruker dette som frø til mine eigne  bilder og dikt. 

Diktboka "Havna" har eit anna utgangspunkt enn den første diktboka mi "Utsikt" som kom ut på Lyrikkforlaget i 2018.  Tittelen på første boka illustrerer den utsIkta eg har levd med siden eg flytta frå livet mitt på Bømlo  i 2018. Manuset leverte eg inn til forlaget med denne tittelen. På det tidspunktet ante eg ingenting om at det skulle "gå troll i ord" med denne utsikten. Manuset leverte eg inn i februar 2018 og i påska var eg på besøk hos far min i Fjaler og fekk høyre at huset i Solvika stod tomt. Eg gjekk dit på tur og då kjende eg at der ville eg bu! Men eg ante ikkje at eg skulle ta det store valget i livet nokre måneder seinare. Det var eit skummelt og stort valg. Men eg gjorde det og angret aldri på det. 

i tIda eg har budd i Solvika i Fjaler fekk eg ny inspirasjon til både nye malerier og eg har skrevet mange nye dikt. Eg hadde ingen planer om å sende inn eit nytt manus i starten av dette året. Men etter å ha sett kva er hadde liggjande på mobilen min, vart eg overraska over mengden av dikt eg hadde skrevet. Manuset kalte eg "Havna" og det har samanheng med den staden eg har budd nær sjøen og tett på naturen. Men tittelen seie og noko om kor eg har kome i løpet av dei siste to åra. Det har vore to gode år uten stress og mykje rekreasjon og tid til ettertanke. Det har vore mange følelser og mange refleksjoner over livet på godt og vondt. 

Tittelen "Havna" fortel om kor viktig det er å finne ei trygge havn. Ein base for alle utflukter i livet. Denne gangen skjedde det same som forrige gong då  eg sendte inn manuset "Utsikt" i 2018. .Eg tok eit stort valg om å flytte igjen! Tilbake til Bømlo. Eg tenkjer at livet aldri er konstant. Endringer vil det alltid vere. Forrige boks tittel  " Utsikt" hadde for meg ei djupare meining i livet. Som eg ynskte å formidle i boka i ord og bilder. Det var den raude tråden i boka. Det kan vere godt å finna nye "utsikter" i livet  for å få betre innsikt. 

Mi nye diktbok " Havna" handler om alt som utger ei havn i livet. kva er det eigentleg? Eg måtte sjølv stille  spørsmåla og leite etter eigne svar. Eg tar deg som lesar med inn i den prosessen med dikt og malerier som vart skapt undervegs. 

Tittel «Framtid». Str. 121 x 96 cm. Stort originalmaleri malt i ein intuitiv prosess der deler av framtiden opner seg.
Maleriet er i kunstnerens private eie. Salg kan kanskje diskuteres og prisen er over kr. 20.000.

  • Fryktlaus/Bildeutsnitt

    "Fryktlaus". Acryl på lerret.
    Originalen er solgt.
    str. 50 x 100 cm.

  • Hope in a boat/bildeutsnitt

    Acryl på lerret.

    Til salgs.

  • The invisible chain/det usynlege bandet.

    Olje på lerret.

    Til salgs.

  • Gjennom skodda

    Originalmaleri. Olje/mixed media på lerret.

    Til salgs

  • Sildaparet

    Gicleetrykk. str. ca. 50 x 50 cm.
    Til salgs kr. 2200,-

  • Urangsvåg på Bømlo

    Gicleetrykk ca str. 40 x 60 cm.
    kr. 1800,-

  • Kjærleik/love

    Gicleetrykk. str. ca. 30 x 40 cm.
    Til salgs.kr. 850,-

  • Grinda /The grind

    Gicleetrykk. ca str,30 x 40 cm.
    Til salgs.Kr. 850,-

  • Sjøbu. Gicleetrykk. Str. ca. 30 x 40 cm.
    Til salgs: Kr. 850,-

  • Besøket/The visit

    Gicleetrykk. str. ca. 40 x 60 cm.

    Kr. 1800,-

  • Mor og datter

    Originalmaleri. Olje på lerret
    Str, ca. 50 x 50 cm.

    Kr. 6200,-

  • Dronninga på haugen

    Originalmaleri. Acryl på lerret.

    str. ca. 80 x 80 cm.

    Kr. 9500,-

  • Trygge Den trygge havn

    Acryl/mixed media på lerret.Str. 118 x 148 cm.

    Kr. 20.000,-

  • Heksedans

    Akvarell. 30 x 40 cm.

    Kr. 4500,- m/ramme

  • Utsikt i skodda

    Acryl på akvarellpapir.

    Kr: 4800,- uten ramme.

Med vennlig hilsen

Grethe Kjøsnes
  • Open horisont

    Originalmaleri. Olje på lerret. Str. 50 x 100 cm.

  • Den evige leiken

    Originalmaleri. Olje på lerret. Str 50 x 50 cm. 1 av ti Illustrasjoner til diktboka Utsikt av Grethe Kjøsnes. Utgiver Lyrikkforlaget.

  • To utsikter

    Originalmaleri. Olje på lerret. Str. 100 x 78 cm.

Tittel: Frigjering. Acryl/mixit art på lerret.

Holmesjøen på Bømlo. Stort maleri.